Chen Ning Yang

Chen Ning Franklin Yang (楊振寧 pinyin: Yáng Zhènníng) (fødd 1. oktober 1922 ) er ein kinesisk-amerikansk fysikar. Yang er kjend for teoretiske undersøkingar av symmetriprinsipp og for arbeid innan statistisk mekanikk. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1957 saman med Tsung-Dao Lee for teoriane deira om at den svake vekselverknaden ikkje hadde paritetssymmetri (speglsymmetri). Chien-Shiung Wu stadfesta teorien eksperimentelt. Han tok utdanninga si i Kunming. Frå 1946 studerte han hos E. Fermi ved University of Chicago, og vart i 1949 knytt til Institute for Advanced Study ved Princeton. Frå 1955 til 1965 var han professor same stad, og sidan 1966 Albert Einstein-professor ved State University of New York i Stony Brook.


Developed by StudentB